Historia om Heimen Husflid begynner ved starten av 1900-talet og har tilknyting til kultur- og teatermiljøet i Oslo på denne tida.
Ekteparet Aksel Waldemar (1880-1922) og Anna Johannessen (1879-1923) starta i 1912 opp Heimen Teiknekontor, som seinare vart til Heimen Husflid, i Rosenkrantz' gate.
Aksel Waldemar hadde jobba som kulissesnekkar ved Det Norske Teatret, og gjennom kontaktane sine der fekk dei oppdrag med utforming og saum av kostyme til fleire oppsetjingar ved teatret. Gjennom teatret vart dei også kjende med kunstnarparet Hulda og Arne Garborg.
Hulda Garborg (1862-1934) var ei sterk og sjølvstendig kvinne med eit vidt interessefelt. I starten av hundreåret reiste ho landet rundt og leitte fram gamle
folkedrakter og broderi. Desse rekonstruerte ho, og nye festdrakter blei til.
Hulda og ekteparet Johannessen utvikla i denne perioden fleire av dei meste kjende draktene til Heimen, mellom anna Valdresbunaden og Gudbrandsdals festbunad.
Tidleg på 1920-talet vart både Anna og Aksel Waldemar råka av alvorleg sjukdom. Aksel Waldemar døydde i 1922 og Anna berre nokre månader seinare. Før ho døydde fekk Anna, med hjelp frå Hulda Garborg, selt Heimen Husflid til Bondeungdomslaget i Oslo. Heimen flytta etterkvart over til Rosenkrantz' gate 8, der bedrifta framleis held til.
Heimen i dag
I dag er Heimen ei moderne handverks- og handelsbedrift med om lag 30 tilsette, fordelt på bunadsproduksjon og butikk. Våre tilsette er høgt kvalifiserte fagfolk som er stolte av yrket og arbeidsplassen sin og som kan svare på det meste når det gjeld bunad!
I butikken har vi, i tillegg til bunad og bunadstilbehør, fleire tusen vakre gåve- og bruksgjenstandar innan nordisk handverk og design.