ORGANISASJON

Heimen Husflid er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus,

eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).


BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr
aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar.
Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og 
dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.
www.bul.no

 

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har tre

dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafe.

I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.

 

Dei andre selskapa i konsernet er:

 

Best Western Hotell Bondeheimen,
etablert i 1913, eit nyrenovert hotell med 127 rom og konferanseavdeling.

Kaffistova er med sine 110 år ein av byens mest tradisjonsrike kafear.
Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til 
kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og søndag) og er dessutan 
frukostrestaurant for hotellet.
www.bondeheimen.com

www.kaffistova.com 

Den Norske Husfliden kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007,

men har ei historie som går heilt tilbake til 1892. I november 2009 flytta 
Den Norske Husfliden inn i nye, stilfulle lokale i GlasMagasinet på 
Stortorvet. Butikken har ein del av dei same varene som Heimen,
men er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.
www.dennorskehusfliden.no