Om heimen

Heimen kan føre historia si tilbake til 1912 og er i dag ei handverks-
og handelsbedrift med om lag 30 tilsette. 
Vi har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum, berre
eitt kvartal frå Karl Johans gate.

Kjøper du bunad hos Heimen kan du vere trygg på at du får 
den beste kvaliteten som er å oppdrive, fordi:

I Heimen har vi kontroll med heile produksjonsprosessen
frå måltaking via påteikning og klipping, til saum, 
tilpassing og montering av bunaden.

I dei fleste tilfelle er bunaden også utvikla hos oss, og
vi sit derfor på heile bakgrunnshistorikken, inkludert 
originale teikningar og mønster. 
Derfor får du også del i den rike tradisjonen bunaden
din spring ut av.

Du kan vere trygg på at vi nyttar førsteklasses materiale
frå etablerte og  anerkjende leverandørar.

Du kan vere trygg på at vi leverer godt handverk 
– alle våre tilsette er bunadsekspertar.

Vi syr bunad til deg personleg – ikkje for masseproduksjon.