Med om lag 100 ulike bunader frå heile Noreg, er Heimen landets
største leverandør av bunader. Dei aller fleste av desse bunadene
er også utvikla her hos oss, ofte i samarbeid med lokale eldsjeler og husflidslag.
Medarbeidarane på sy- og teiknestova vår overvakar bunadsproduksjonen frå A til Å – heilt frå måltaking, påteikning og klipping, til saum, tilpassing og montering.
Alt må stemme for at sluttproduktet, bunaden, skal halde den høge
kvaliteten som Heimen er så kjend for.
Dei tilsette hos oss har fagbrev eller meisterbrev innan fagfelt
som bunadstilvirking, tilskjering, kjole- og draktsaum, herre- og
dameskreddarfaget, konfeksjonsteknikk og tekstilformgjeving.
Fleire har dessutan etterutdanning i "Drakt og samfunn" i regi av
Bunad- og folkedraktsrådet/NTNU.
Dette gjer vår bedrift til eitt av landets fremste kompetansesenter for bunad.
Heimen er lærebedrift innan bunadstilvirkarfaget og har til ei kvar tid
lærlingar under utdanning.
Slik er vi med på å halde bunadstradisjonane og handverket levande.
Vi har stilling ledig:
HEIMEN HUSFLID HAR LEDIG LÆRLINGPLASS FRÅ SEPTEMBER 2013!
For meir informasjon ta kontakt med:
Produksjonsansvarlig Hanna Helgadottir på:
- hanna.helgadottir@heimen.net
- +47 23 21 42 39
Ver vennleg å sende søknad med attestar og referansar til:
Heimen Husflid AS
Rosenkranz’ gate 8
N-0159 Oslo
att.: Hanna Helgadottir