VEDLIKEHALD

Naturmateriale treng luft

Unngå slitasje under oppbevaring

Bunadsskjorter

Stryking av bunadsskjorte

Bunadssølv



Naturmateriale treng luft

Du bør lufte bunaden din kvar gong du har brukt han. Rist bunaden godt og fjern eventuelle flekker. La bunaden henge fritt i ein stoffpose når han ikkje er i bruk. Om du ikkje har ein eigen bunadspose, kan du gjerne bruke eit utvaska dynetrekk til dette. Heimen har sjølvsagt bunadspose til sals i butikken. Oppbevar aldri bunaden din i ein plastpose!


Unngå slitasje under oppbevaring

For å unngå slitasje på skuldrane, er det lurt å sette i eit par lange hemper på innsida av linningen som bunaden kan henge etter. Livet heng då ned inni stakken. Pass óg på at forkleet blir hengande glatt og fint. 


Bunadsskjorter

Vask skjorta etter bruk og oppbevar den liggande i ein stoffpose mellom kvar vask. Vent med å stryke skjorta til neste gong du skal bruke henne, elles vil stoffet gulne.

Linskjorter må ikkje vaskast på meir enn 60 grader, elles vil fibrane bli skada og stoffet sprøtt. Bruk nøytralt vaskemiddel eller hushaldningssåpe som er vispa godt ut i vaskevatnet. Skyll godt! Ved maskinvask må ein vaske på ”skåneprogram”. Bruk gjerne vaskepose.

Bomullsskjorter tåler meir varme og kan vaskast på opp til 95 grader. Skjorter med farga prydsaum skal vaskast på 60 grader.

Nokre skjorter kan ha td. krage og mansjettar i lin, medan resten er i bomull. Slike skjorter må behandlast som linskjorter.


Stryking av bunadsskjorte

Stryking av bunadsskjorta er ein heil prosess, så start i god tid, gjerne eit par dagar før du skal bruke henne. Dynk først skjorta godt og legg henne i ein plastpose nokre timar, eventuelt over natta. Bruk ullprogrammet på strykejernet og start med å stryke på vranga. La skjorta henge og tørke til neste dag, og stryk så over skjorta ein gong til på retta. På denne måten vil skjorta halde seg glatt lenger. 


Bunadsølv

Oppbevar alltid sølvet i ein tett plastpose, kvar sølje i eigen pose. Då unngår du riper, og når lufta ikkje slepp til oksiderer sølvet heller ikkje så fort.

Sølvet bør vaskast etter bruk i ein bolle varmt vatn tilsett oppvaskmiddel (t.d. Zalo) og salmiakk. Skyll godt i rennande vatn. La vere å ta på sølvet – det lagar flekker – men tørk det godt på eit handkle eller med ein hårtørkar.

Har sølvet oksidert og blitt mørkt, må det pussast med sølvpuss, men ikkje bruk ”sølvdipp”. Påsydde hekter må sprettast av bunaden før du pussar dei.

Har sølvet ditt blitt veldig ille, bør du spandere oppussing hos sølvsmed.

Sølvknappar på mannsbunad kan pussast på bunaden ved å lage ei plate med hakk i som du skrur under knappen for å dekke stoffet.