Du har 0 artiklar i bunadslista

Ny bunad

Ny bunad
Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen hjelpe deg vidare. Med eit utval på meir enn 100 ulike bunadmodellar frå heile landet, vil dei aller fleste kunne finne sin bunad hos Heimen. Leik deg gjerne med bunadskartet vårt for å finne fram til rett bunad for deg - dei fleste av oss har tilknyting til meir enn éin stad i landet. Når du har funne din modell er det fleire vegar til målet:

Materialpakke – sy bunaden sjølv
Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden sjølv. Heimen leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.

Ein materialpakke kan du få ferdig brodert eller med påteikning. Prisen vil ligge mellom kr 5 000 og 15 000, og det er om lag 3 vekers leveringstid. Skjorte vil komme i tillegg, og her ligg prisen på materialpakken på om lag kr 2000.

Materialpakkar kan fåast både i standard storleikar og etter mål. Dette varierer mellom ulike typar bunader, og du kan få nærmare informasjon ved å kontakte Heimen.

Målsaum - herrebunad
Målsaum vil seie at bunaden blir levert ferdig sydd etter dine personlege mål. Ein målsydd bunad er delvis sydd og montert for hand. I samarbeid med Solhjell tilbyr Heimen målsaum av ei rekke herrebunader frå heile landet.

Våre tilsette tar mål av deg ved bestillinga, og vi har 3-6 vekers leveringstid.

Skreddarsaum
Skreddarsaum er ”haute couture” innan bunad. Til ein skreddarsydd bunad nyttar vi berre det beste av materiale, og plagget har stort innslag av handarbeid. Syarane våre er faglærte med spesialkompetanse på bunad, og éin syar tar hand om arbeidet med bunaden din frå start til mål. Undervegs blir du kalla inn til minst to prøvingar før vi leverer frå oss den ferdige bunaden. Desse faktorane til saman gjer at du får ein bunad som er forma til deg personleg.

Leveringstid på skreddarsaum varierer, men generelt tar det ein 6-8 månader frå bestilling til ferdig bunad. Du må med andre ord vere ute i god tid dersom du skal ha bunaden til ei spesiell anledning.

Kjøps- og avbestillingsvilkår
Ei bestilling av bunad eller materialpakke etter personlege mål er bindande. Ved bestilling betaler du inn eit depositum som må vere Heimen i hende før arbeidet blir sett i gang. Heimen må også ha inn sluttbetalinga før vi leverer ut ferdig vare.

Materialpakkar bestilt etter mål kan ikkje avbestillast, heller ikkje målsaum.
Ved avbestilling av skreddarsaum innan 14 dagar beheld Heimen 1000 kr av depositumet for å dekke kostnader til administrative oppgåver og måltaking. Ved avbestilling av skreddarsaum innan 1 månad beheld Heimen Husflid heile depositumet.

 


Heimen Husflid
Rosenkrantz gate 8
N-0159 Oslo

Telefon: +47 23 21 42 00
Faks:     +47 23 21 42 70
E-mail: heimen@heimen.net
 
ADMINISTRATOR

 

 Opningstider

Måndag - fredag 10-18
Laurdag 10-16
 Velkommen