Du har 0 artiklar i bunadslista

Ofte stilte spørsmål

Spørsmålsliste:

   

Hjelp! Bunaden min har blitt for liten. Kan Heimen hjelpe meg?

   
Kan eg sy bunaden min sjølv? Kvar kan eg gå på kurs?    
Eg har høyrt at ein ikkje bør bruke sminke eller vanlege smykke når ein har på seg bunad. Stemmer dette?    
Er eg nøydd til å bruke bunadssko, eller kan eg bruke nøytrale svarte sko til bunaden?    
Må eg bruke koneskaut til bunaden? Eg synest det er finast utan…    
Kva slags reglar gjeld for val av bunad?    
Eg ønskjer å få taksert bunaden min med tanke på forsikring. Kan Heimen hjelpe meg med dette?    
Kva kostar ein bunad?    
Kva er leveringstida for ein bunad?    
Kva er forskjellen på skreddarsaum og målsaum?    
Har Heimen bunad til baby?    
Driv Heimen med utleige av bunad?    
Har Heimen vevavdeling?    
Fører Heimen strikkegarn?    
Eg treng ein del tilbehør til bunaden min, men bur på ein heilt annan kant av landet. Kan Heimen sende varene heim til meg, og korleis betaler eg for det?    

 

Hjelp! Bunaden min har blitt for liten. Kan Heimen hjelpe meg?

Ja, det kan vi. Ta kontakt med systova vår på tlf 23 21 42 57. Våre dyktige, faglærte medarbeidarar kan i dei fleste tilfelle hjelpe til med både omsying og reparasjon, men vi må sjå bunaden først.


Kan eg sy bunaden min sjølv? Kvar kan eg gå på kurs?

Heimen lagar materialpakkar til bunader frå heile landet for den som vil sy bunaden sin sjølv.
Vi har ikkje bunadskurs, men kan tilby konsulenttimar med bunadsyarane våre, både for å komme i gang og om du skulle trenge hjelp undervegs.
Mange lokale lag og foreiningar, t.d. husflidslag og bondekvinnelag, arrangerer bunadskurs for sine distrikt.


Eg har høyrt at ein ikkje bør bruke sminke eller vanlege smykke når ein har på seg bunad. Stemmer dette?

Nei, sjølvsagt kan du bruke sminke også når du har bunad på, men du legg kanskje ikkje den aller tyngste kveldssminken i dette tilfellet.
Alle bunader har enten fått utarbeidd eige sølv, eller så kan det brukeast sølv som høyrer til det aktuelle distriktet. Om du t.d ønskjer å bruke øyrepynt, men ikkje har den som høyrer til bunaden, så ser det best ut om du brukar nøytral, diskret øyrepynt.

Er eg nøydd til å bruke bunadssko, eller kan eg bruke nøytrale svarte sko til bunaden?

I dei aller fleste tilfelle passar det best med bunadssko.


Må eg bruke koneskaut til bunaden? Eg synest det er finast utan…

Må og må, bunaden er ikkje komplett utan hovudplagget som høyrer til.


Kva slags reglar gjeld for val av bunad?

Det finst ingen regel for kva slags bunad du skal velje, men dei aller fleste synest det er ekstra hyggeleg å kunne bruke bunaden frå den staden ein kjenner aller best eller kjenner seg mest knytt til.


Eg ønskjer å få taksert bunaden min med tanke på forsikring. Kan Heimen hjelpe meg med dette?

Både ja og nei. Heimen driv ikkje med taksering av gamle ting, men vi kan gi pris på ein ny bunad, slik at du får vite gjenkjøpsverdien. Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt for å undersøke kva som må til for å få forsikra bunaden.


Kva kostar ein bunad?

Prisen på ein bunad varierer frå nokre få tusenlappar til nærmare hundre tusen kroner, alt etter kva for bunad du vel og kor mykje sølv og anna tilbehør du ønskjer. Dei fleste bunader ligg i prisskiktet 20 000- 40 000 kr.


Kva er leveringstida for ein bunad?

Leveringstid på bunad kan variere noko, så pass på å spørre ved bestilling, men i hovudsak er leveringstidene slik:
Materialpakkar: ca 3 veker
Broderte linskjorter: 6 mnd.
Skreddarsydd bunad: 6-8 mnd.
Målsydd bunad: 3-6 veker
Jubileumsdrakt for Oslo: 1-4 veker


Kva er forskjellen på skreddarsaum og målsaum?

Forskjellen mellom målsaum og skreddarsaum kan variere litt mellom ulike bunader og distrikt, men generelt sett vil ein skreddarsydd bunad alltid ha større innslag av handarbeid enn ein som er målsydd. Til dømes vil knapphol vere sydd for hand på ein skreddarsydd bunad, men laga med spesialmasking på ein målsydd bunad.
Dersom du vel skreddarsaum, vil ein av skreddarane vår kalle deg inn til tilpassing/prøving minst to gonger før bunaden blir levert ut. Slik får du ein bunad som er forma til deg personleg. Målsaum blir også sydd etter nøyaktige mål, men utan prøvingar undervegs.


Har Heimen bunad til baby?

Vi har ikkje bunad til baby, men vi har bunad til barn frå 2 år og oppover. Vi har dessutan dukkebunader og dåpsluer, smekker og materialpakkar til dei som vil sy dåpskjole.


Driv Heimen med utleige av bunad?

Heimen har ikkje bunadsutleige, men vi har litt brudepynt - kontakt oss på telefon 23 21 42 00 eller e-post: heimen@heimen.net for informasjon om dette. Tidlegare dreiv vi med bunadsutleige, det kan derfor vere at du finn opplysningar om dette på enkelte bunadsider på nettet, men dette er altså utdatert informasjon.
Det finst eigne firma som driv med bunadsutleige, dessutan har enkelte lag og foreiningar eit lite utval bunader til utleige.

Har Heimen vevavdeling?

Heimen har ikkje vevavdeling, men Den Norske Husfliden (DNH) på Glasmagasinet vil kunne hjelpe deg. DNH har eiga vevavdeling med svært godt utval i vevgarn i ei rekke kvalitetar som ull, bomull og lin. Her finn du også vevar i ulike storleikar, vevutstyr og rammer til biletvev, og dessutan mønster og inspirasjonsbøker.
www.dennorskehusfliden.no , tel. 22 42 10 75

Fører Heimen strikkegarn?

Heimen har ikkje strikkeavdeling, men det har søsterbedrifta vår, Den Norske Husfliden på Glasmagasinet. Der finn du eit stort utval av strikkegarn i mange kvalitetar frå kjende leverandørar som Rauma-garn og Hoelfeldt-Lund, dessutan strikkepakkar frå Hanne Falkenberg til både vaksne og barn.
DNH har også strikkeoppskrifter, inspirasjonsbøker, strikkepinnar, perler, knappar og anna tilbehør.
www.dennorskehusfliden.no , tel. 22 42 10 75


Eg treng ein del tilbehør til bunaden min, men bur på ein heilt annan kant av landet. Kan Heimen sende varene heim til meg, og korleis betaler eg for det?

Vi sender gjerne varer i oppkrav til heile landet. Ta kontakt med oss på telefon 23 21 42 00 eller e-post: heimen@heimen.net


Heimen Husflid
Rosenkrantz gate 8
N-0159 Oslo

Telefon: +47 23 21 42 00
Faks:     +47 23 21 42 70
E-mail: heimen@heimen.net
 
ADMINISTRATOR

 

 Opningstider

Måndag - fredag 10-18
Laurdag 10-16
 Velkommen