Heimen Husflid er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus,
eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr
aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar.
Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og
dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.
www.bul.no
Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har tre
dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafe.
I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:
Best Western Hotell Bondeheimen,
etablert i 1913, eit nyrenovert hotell med 127 rom og ei lita
konferanseavdeling.
Kaffistova er med sine 109 år ein av byens mest tradisjonsrike kafear.
Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til
kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og søndag) og er dessutan
frukostrestaurant for hotellet.
www.bondeheimen.com
Den Norske Husfliden kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007,
men har ei historie som går heilt tilbake til 1892. I november 2009 flytta
Den Norske Husfliden inn i nye, stilfulle lokale i GlasMagasinet på
Stortorvet. Butikken har ein del av dei same varene som Heimen,
men er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.
www.dennorskehusfliden.no